Aktuelt — Nordhordland Sykkelklubb

Share

Faktura for medlemsskap kjem no

Sjå etter faktura for medlemskap for 2017.

Sportsadmin slit med dei tekniske løsningane for at klubben kan etablera faktura via "min idrett". Vi var lova at dette skulle vera på plass i løpet av førre veke, men dette har ikkje skjedd. Vi har difor bestemt oss for å senda ut giroane for 2017 via vårt rekneskapsfirma Accountor. Rekningane går ut i desse dagar, og Accountor vil også ha ansvaret for oppfølging/purring. 

NB: Medlemskap i klubb er nødvendig for å kunna løysa aktiv lisens. Klubben er pålagt å annullera aktive lisensar for utøvarar som ikkje betalar medlemskap.

 

 

Share

Share

Nytt styre valt, men klubben manglar leiar

Nytt styre vart valt under årsmøtet tirsdag, men klubben står no utan leiar.

Berre litt over 20 av 200 medlemmar møtte opp på årsmøtet i Nordhordlandshallen tirsdag kveld. Årsmøtet gjekk utan dei store debattane. Etter mange år med solide overskot, gjekk klubben på eit tap på rundt 40 000 i fjor, mykje pga låg deltaking i Nordhordland Rundt. Dette vert dekka av oppspart eigenkapital.

Medlemstalet er igjen aukande, og aktiviteten jamt høg.

Marit Eldøy og Atle Vaage hadde på førehand varsla at dei ikkje tok attval til styret. Valkomiteen har jobba iherdig utan å finna nokon som vil ta på seg leiarvervet. Derimot vart det valt to nye styremedlemmar i Ørjan Erstad og Jan Roger Aasnes. Frå før består styret av Nichlas Marheim, Anita Skarpenes, og Christer Lieske. I tillegg har varafolka Terje Hilland og Anders Dalland møtt nærmast fast, sistnemnte er og leiar av ungdomsgruppa.

Det nye styret vil halda sitt konstituerande møte med det første. Deretter må det haldast eit ekstraordinært årsmøte, så sant det lukkast å finna ein kandidat til leiarvervet. Lukkast ikkje det, vil eit ekstraordinært årsmøte måtta handla om alternativ for å sikra vidare eksistens for klubben.

Share

Share

Innkalling årsmøte Nordhordland SK

Årsmøtet vert i kantina i Nordhordlandshallen 21. februar 19.00.

Etter at den formelle delen av årsmøtet er over, vert det orientering frå styret, høve til spørsmål og diskusjonar om 2017 sesongen.

 

Sakliste:

1. Godkjenna dei som har stemmerett.

2. Godkjenna innkalling, sakliste og dagsorden.

3. Val av ordstyrar og referent, samt 2 medlemmar til å skriva under møteprotokollen.

4. Godkjenning av årsmelding

5. Godkjenning av rekneskap

6. Fastsetja medlemskontingent.

7. Godkjenning av budsjett for 2017

8. Innkomne framlegg

9: Val til styret (Valkomiteen sitt framlegg vert lagt fram i møtet)

10: Val av leiar

11: Val av valkomite:  (Styret sitt framlegg vert lagt fram i møtet)

12: Val av revisor

13: Eventuelt

 

Med venleg helsing

Styret

 

Share

Share

Oppdatering av medlemslista - nok ein gong

Hei!

Som dei som var på klubbkvelden sikkert fekk med seg, så jobbar vi fortsatt med å få oppdatert medlemslista i klubben.

Vi oppmodar alle som er medlem å sjekke at dei har betalt årets medlemsavgift!  Avgifta vert sendt ut pr mail og det er ein god del som har endra mailadresse dei siste åra, men glømt å varsle frå til klubben. Desse har difor ikkje fått giro frå oss i år. 

Vi oppmodar også ALLE medlemmane om å melde seg inn i klubben på ny. Dette er for Norges sykkelforbund har endra retningslinjer og dermed vil ha meir utfyllande informasjon på medlemslistane sine en kva vi har pr i dag.

Dette gjeld ALLE!

Du må ikkje betale ny medlemsavgift om du alt har betalt i år.

På førehand takk for hjelpa! 

Share

Klubbkveld 22.november. OBS spinninga går ut!

Share

Klubbkveld 22.november. OBS spinninga går ut!

Klubbkveld 22. november, sett av datoen!
Vi fører vidare tradisjonen med ein klubbkveld på den tida kor berre dei mest entusiastiske har ein sykkel mellom beina. Tirsdag 22. nov i Nordhordlandshallen 19.00. Sett av datoen allereie no, meir info om innhald kjem. Vi tar mellom anna opp interessa for Color Line og/eller tilsvarande turar neste år. Møt opp!

Det vert ikkje klubbspinning på Studio Nor denne kvelden

Share

Søndagstrening vinter

Share

Søndagstrening vinter

Vi prøver oss med felles joggeturer om søndagene no på vinterhalvåret. 

Det vert start kl 10.00, med varierende løyper og oppmøteplass. Vi kjem til å henge oss på med folka i Opptur Meland nokre søndagar, her vert det lagt opp til kort løype for dei som ikkje er så glade i å jogge, men med muligheit for å forlenge turen for dei som ønsker ein skikkeleg langtur. 

Vi avtaler stort sett neste vekes tur før vi går heim etter endt tur søndag, denne vert lagt ut på facebooksida til klubben/inforside. Dette vert jogging der vi går opp bakkane og farten skal tilpassast så alle kan vere med. Dei sprekaste får ein roleg tur mens noken nok vert meir slitne. Dette rettar seg utover vintaren. 

Første turen går førstkomande søndage med start frå busshaldeplassen på Ådland. Sjå facebook for meir info

Share

Share

Hodelyktjogg flere alternativer

Hodelykt.jpg

Vi har de siste vintrene hatt tilbud om hodelyktjogg, som har vært meget populært. Turene er i  rolig jogge tempo, og vi går i bakkene, slik at alle skal kunne henge med. Vi fortsetter også dette i år. Nytt fra i år er at vi har tilbud om flere dager, og lokasjon.  Vel møtt!

Tider

Tirsdag: Start fra Intersport frekhaug Senter kl 18:30 ca 1t rolig jogg,

Torsdag: Start fra parkeringen ved Alversund Kirke kl 19:15 mellom 2 og 2,5 t rolig jogg

Share

Spinnig på Studio-Nor 2016-2017

Share

Spinnig på Studio-Nor 2016-2017

Fast tirsdagstrening på Studio Nor, spinn90 kl 19.45.
Dette er eit tilbod for medlemmer av Nordhordland sykkelklubb, du treng ikkje vere medlem av Studio Nor for å vere med på klubbspinningen

 

Share

Nh rundt vel gjennomført

Share

Nh rundt vel gjennomført

Så var årets Nh rundt gjennomført. Trass eit søkkvått ritt var vi nærare 500 påmelde. Nh sykkelklubb takkar alle som deltok, og ikkje minst alle i klubben og frå våre samarbeidspartnarar som har stilt opp på dugnad.

Share

Første møte for nytt styre

Share

Første møte for nytt styre

Det nye styret har hatt sitt første møte. Styret har fordelt oppgåver, og drøfta litt uformelt korleis ein ønskjer å utvikla klubben vidare.

Vi forsøker å få i gang att sponsorarbeid, med Atle, Anita og Christer som ansvarlege.

Share

Påmelding opna for Nordhordland Rundt 2016

Share

Påmelding opna for Nordhordland Rundt 2016

Klar for vårens vakraste eventyr på sykkel? Ei veke før Color Line, 2 veker før Bergen-Voss. Eit av dei største turritta i Hordaland, 90 km gjennom vakker natur. Meld deg på hjå vår samarbeidspartnar EQ timing på https://reg.eqtiming.no/?EventUID=21226

Share